Om oss

Eit pusterom i kvardagen
Zenhuset er skapt med eit ynskje om å tilby eit stille rom i ein travel kvardag, ein stad der du kan senke tempoet, puste djupare og finne tilbake til balansen i deg sjølv. Gjennom yoga, pilates og medvitent pustearbeid arbeider vi med kroppen på ein roleg og styrkjande måte som skaper flyt, lettheit og ny energi.
Timane gir både kraft og kvile og opnar for ei djupare kjensle av velvære. Nokre kjem for å bli sterkare, andre for å finne ro, og mange for litt av begge delar. Zenhuset er eit pusterom for kropp og sinn, eit lite fristed midt i kvardagen.
Vi ønskjer at Zenhuset skal vere ein stad der du kan kjenne deg trygg, ivareteken og fri til å vere deg sjølv, akkurat slik du kjem inn døra ![]()

